–No måtte det bare gjerast

Etter nokre år utan søndagsskule i Stedje kyrkje er dei no i gang igjen. Det var presten som såg behovet for å tilby søndagsskule til borna som kjem til dei ulike trusopplæringstiltaka.

–Sidan eg er prest kunne eg ikkje ha søndagsskule på søndagar, og eg leita difor etter ei løysing. Eg oppdaga at Silje Sørebø, soknepresten i Jølster hadde Torsdagsklubb med undertittel "-søndagsskule på kvardag". Slik fekk eg ideen om korleis me skulle gjere det hos oss, fortel Kjell Olav Nordheim sokneprest i Stedje og Kaupanger sokn. Den nystarta søndagsskulen der han enn så lenge er einaste leiar samlast annankvar tysdag, og har fått namnet Tysdagsklubben

Å komme i gang
Kva gjorde dykk i forkant av oppstarten?
–Eg tok kontakt med leiarar i andre søndagsskular i kommunen, og fekk god hjelp til å forstå korleis eg kunne bruke ressursane i Sprell Levande-opplegget. Eg tok og kontakt med soknerådet for å søke om økonomisk støtte. I tillegg hadde me informasjon om oppstartinga av Tysdagsklubben i kyrkjelydsbladet både på våren og hausten, fortell søndagsskuleleiaren. Kjell Olav som foreløpig er aleine som leiar har stor tru på at dei skal bli fleire leiarar i Tysdagsklubben etterkvart. Han trur og at foreldre og føresette kan bli ein viktig ressurs i arbeidet. Så sjølv om det kan vere utfordrande å starte ein ny søndagsskule er han ved godt mot.

Kvifor skal ein starte
Kjell Olav meiner at grunnen for å starte søndagsskule er at Jesus har bedt oss om å gi vidare det vi sjølv har fått. Han minner om Jesus sine ord om at dei minste er dei største og at Guds rike høyrer barna til. Han seier vidare at å starte søndagsskule er ein super måte å formidle Jesus til barna på.

Samlingane følgjer Sprell Levande
Samlingane i Tysdagsklubben er for born i alderen 4 år til og med 3.klasse. Så langt har fire born delteke fast kvar gong og blant dei er heile aldersspennet til stades.

–I forbindelse med utdeling av fire-årsbok i kyrkja blei alle 4-åringane invitert  til å kome saman med ein vaksen og vere med på ei vanleg samling i Tysdagsklubben. På den måten ønskjer me både at dei skulle bli kjent med Tysdagsklubben og få lyst til å komme igjen. 11 av 4 åringane tok imot invitasjonen og kom saman med kvar sin vaksen, seier soknepresten. Slik koplar han søndagsskulen opp mot resten av trusopplæringa i kyrkja.

Soknepresten brukar ressursane frå Sprell Levande, og finn dei inspirerande. Han meiner at Sprell Levande sikrar at ein slepp å gå tom. Det gir både input og inspirasjon for eigen del, og mykje og konkret hjelp til å legge opp samlingane.

Tips til oppstart

  • Ta kontakt med andre som driv søndagsskulegrupper i nærleiken og høyr korleis dei gjer det.
  • Ta kontakt med trusopplærar eller andre leiarar for barnearbeid der du bur og høyr med dei korleis ei ny gruppe kan passa inn i det arbeidet som allereie finst.
  • Ta kontakt med sokneråd eller andre som kan bidra med forbøn og økonomi.  
  • Bruk ressursane frå Sprell Levande . Det gir input og inspirasjon for eigen del, og mykje og konkret hjelp til å legge opp samlingar.
  • Ta kontakt med din lokale søndagsskulekonsulent

Støtt oss  Gi en gave